Foto: Kristoffer Ryde
Foto: Kristoffer Ryde
I sentrum av Jørpeland
Fredag 29. november
Lørdag 30. november
29. og 30. november
Besøk nissen på torget
Salg av juletre
Fra 30. november og fram mot julaften blir det salg av juletre i sentrum.
Pepperkakebyen
Pepperkakebyen er åpen i desember i bibliotekets åpningstider.
Følg også Ryfylkebyen Jørpeland på facebook for mer informasjon om Juletrebyen!
Foto: Ryfylkebyen Jørpeland
Foto: Ryfylkebyen Jørpeland
Foto: Kristoffer Ryde
Foto: Kristoffer Ryde
I sentrum av Ryfylkebyen Jørpeland med butikker og serveringssteder finner du Juletrebyen med torghandlere, lys, blide mennesker, Nissen og selvsagt juletrær.
Juletrebyen er et årlig arrangement som går siste helga i november. Juletrærne står fram til årsskiftet. Slik sett kan Juletrebyen oppleves hele desember.
Vi har mål om at mange besøker Juletrebyen, og vi ønsker at det skal være noe for enhver. Det er viktig at det skapes en god juleatmosfære. Selgere og andre personer som bidrar til den gode julestemningen, som det skal være på et julemarked, vil være prioritert. Vi ønsker å ha god kontakt med våre selgere.
Er dette noe for deg kan du kontakte oss på epost; sentrumsleder@ryfylkebyen.no
Juletreproduksjonen har dype røtter i Ryfylke. Vi har gode klimatiske forhold, godt jordsmonn og profesjonelle produsenter. Alt dette bidrar til juletrær i verdensklasse.
Det er mange juletreprodusenter i Ryfylke og det er mange juletrær. Som en følge av dette er det helt naturlig at vårt julemarked har et tydelig juletrepreg. Derfor er Ryfylkebyen Jørpeland sitt julemarked blitt til Juletrebyen.
Ideen om Juletrebyen kom i 2015, og i 2016 ble den arrangert for første gang. Vi ønsker at Juletrebyen skal vokse, bli bedre og få flere besøkende. Så litt etter litt, omtrent som et juletre fra det blir plantet til det står pyntet i stuen, ser vi for oss at Juletrebyen med tiden vil framstå som noe som gir oss stjerner i øynene.
Når du har hentet treet fjerner du eventuell emballasje slik at treet får rettet seg ut. Treet kan være en god yngleplass for allergener i form av gammelt pollen og muggsopp, og det kan inneholde insekter. Derfor kan du gjerne spyle det med vann (gjerne fra hageslangen), og la det renne av seg en dag eller to.
Pass på at du ikke tar et tre fra kulden og rett inn i en oppvarmet stue. La treet stå et par dager i et rom som gir det gradvis tilvenning til innetemperaturen. En bod, kjeller eller garasje kan være egnet sted.
Før du tar inn treet kapper du av 2-3 cm. nederst på stammen og setter det i vann. Du kan gjerne skylle snittflaten eller fylle juletrefoten med varmtvann på ca 70 grader. Dette bidrar til åpne årer og forhindrer at kvaen størkner og tetter årene. For vanning i de kommende dagene bruker du romtemperert vann.
Juletreet bør ikke stå i nærheten av en varmekilde som for eksempel en peis, vedovn eller panelovn. Varme bidrar til at treet raskere begynner å drysse.
Husk å vann treet jevnlig. Se til at du har en juletrefot som rommer nok vann. Et juletre drikker ganske mye vann.
Holdbarheten til et juletre vil være avhengig av innetemperatur, når treet ble hugget og i hvilken grad du følger rådene for å ta vare på treet. I tillegg viser det seg at Edelgran kan vare noe lengre enn den norske granen. Dersom treet behandles riktig kan edelgran som blir hugget i siste del av november holde seg over nyttår, mens norsk gran bør hugges noe senere og bør da holde ut året.
Lykke til.
Juletretradisjonen kan du lese mer om her:
Korfor i all verda prøver sentrumsleiar, næringsforening og kommunen å gjera Jørpeland til juletrebyen. Rart og litt fjollete seier somme,- som ikkje veit!
Som ikkje veit at dei største juletreprodusentane i Noreg i dag finn me i Strand, Ryfylke og Rogaland. Som ikkje veit at Rogaland, Ryfylke og Strand var dei som førde an her i landet med å profesjonalisera og utvikla juletreproduksjon som hovudnæring på enkelte gardar.
Som ikkje veit at vårt fylke, vår region og vår kommune like sidan oppstarten og fram til i dag har vore senter for plantasjedyrking av edelgran.
I Strand som i andre bygder henta folk juletre i eigen skog, i skogen til nær slekt, eller dei avtala kjøp hjå ein bonde, betalte ein slant og leitte opp treet sjølv. Etter kvart vart det fleire som bestilte ferdighogde tre, og bøndene hogg tre og selde på Tau og Jørpeland.
Overgangen frå furu til gran kom etter krigen. Her på Vestlandet fekk bøndene hjelp av skuleelevar, sivilarbeidarar, lønna arbeidskraft og eigen husstand, og planta vanleg norsk gran på store areal. Til skurdtømmer. Etter åtte-ti år var det tid å tynna i plantefelta. Då var trea passeleg store å ta ut som juletre. Ein vinn-vinnsituasjon. Samtidig som tilgangen på tre vart større, voks også etterspurdnaden. Norske bønder klarte ikkje å dekka marknaden og danske juletre kom inn.
Danskane var først ute med å laga juletreplantasjar. Dei prøvde ut ulike granartar og dyrkingsmetodar. Kvaliteten på danske juletre var høg og mange hundre tusen tre kom kvart år til Noreg.
Bøndene i Ryfylke tenkte og handla. Med Terje Pundsnes i Ryfylke forsøksring som inspirator og drivkraft, fekk dei kontakt med danske juletreprodusentar. Danskane var rause og delte av sin kunnskap som læremeistrar og rettleiarar. Og bønder i Hjelmeland og resten av Ryfylke var med på omlegginga og nysatsinga. I fleire tiår sidan 1980-talet har Svein og Rønnaug Foss Alsvik og Olav Ravnås vore dei største juletreprodusentane i landet. Andre bønder i Strand, Ryfylke og resten av Rogaland har følgt opp. Produsentane har sin eigen faglege organisasjon og eit eige salsselskap.
Juletreproduksjon krev både stor arbeidsinnsats og fagleg kunnskap. Tre skal plantast ut. Dei skal klyppast årleg for å få den forma kundane ønskjer. Rett samansett gjødsel i rett mengde til rett tid skal gje harmonisk vokster og god djup grønfarge. Nokre stader må ein sprøyta mot skadedyr og insekt. Ugras og konkurrerande planter må fjernast. (Dette gjer Shropshire sau og suffolk sau miljøvennleg og effektivt). Trea skal haustast, pakkast og fraktast. Rotstubbar skal bort og jorda skal klargjerast for ny utplanting. Moderne juletreproduksjon kan gjerne samanliknast med fruktdyrking når det gjeld krav til fagkunnskap og heilårleg arbeidsinnsats.
I Oddgeir Bruaset si bok frå 2017 «Du grøne glitrande tre. Ei hyllest til juletreet», finn me oversikt over juletrestoda i dag. Over 90% av norske heimar har eit juletre i stova. Årleg blir det selt rundt 1,8 mill juletre. 1 mill av desse kjem frå norske profesjonelle produsentar. Tre-fire hundre tusen er danske tre. Fire hundre tusen er meir småskalaproduksjon med sjølvhogst o.l.
Ein reknar med at ein tredel av norske heimar har kjøpt seg plasttre. Med og utan lys. Alle produsert i Kina. Reisa vert lang, gjennbruken liten og kompostering vanskeleg. Plasttre bind nok også mindre CO2 enn jultreet du kjøper på torget. I Strand vart det selt kring 150 plasttre i fjor. Kan henda skal me strandbuar verta meir støttande og stolte over det arbeidet juletreprodusentane gjer og det fokuset kommunen prøver å skapa ved å løfta fram Jørpeland som Juletrebyen.
Tekst skrive av Lars Fossåskaret
Dei første juletrea me veit om finn me i Stuttgard, Alcase tidleg på 1500-talet. Handverkslaug sette opp gran eller furutre inne i lokala sine, eller på plassen utafor. Etter kvart kom det juletre både i kyrkjene i området, og i private heimar.
Til Sverige kom det første juletret i 1741, til Danmark i 1808 og Noreg i 1822. Her i landet kan me altså feira 200-årsjubileum i år. Når me kan tidfesta dei første juletra så nøyaktig, er det fordi det var adel og storfolk som tok til seg skikken. Trea var store, plassert i høge flotte rom, rikt pynta og synt fram for å gleda og imponera. Og inviterte gjester let seg imponera. Juletra vart omtala i brev og memoarar av dei heldige som fekk oppleva dei.
Dei kondisjonerte hadde juletre
Juletreet var i mange tiår eit overklassefenomen. Tradisjonar og skikkar kring jula var sterke, gjerne knytta til mat, samværsformer og arbeidsprosessar, med religiøse overtonar. Ein kunne fort skjemma seg ut i ei bygd dersom ein apa etter dei fine og drog heile tre inn i stova. Juletre var uvanleg i heimane til småkårsfolk i bygd og by heile 1800-talet. Men etter førre århundreskifte endra dette seg raskt. Kring 1930 var det juletre å finna i dei fleste heimar.
Trøyst og magi i mørketid
Før det klassiske, heile juletreet kom i bruk i så godt som alle heimar, var det forenkla, mindre pretansiøse løysingar. Gjerne meir knytta til mørketid, kulde og vinter enn til jul og Jesusbarnet. Ein bunta saman greiner av nåletre, festa dei til veggen eller sengestolpar, sette dei oppi stampekinner e.l. Dei grøne greinene pynta opp, dei lukta godt, og var ei påminning om lys, vår og vokstertid som skulle komma.
Dei tok det dei hadde
Overalt i landet var juletrea nærreiste fram til første verdskrig. Det var trea som vaks i nærområdet som også vart juletre. Gran i Trøndelag, på Aust- og Sørlandet. Furu på Vestlandet og i Nord-Noreg. Brakje/Einar i verharde kyststrok og høgt til fjells der vokstervilkåra var karrige.
Det går ein del historiar om korleis folk i naudsfall bora inn greiner i kva som helst stokk og bygde seg juletre på den måten.
Einsretting
I mellomkrigstida og dei første tiåra etter siste verdskrig tok vanleg norsk gran (raudgran) meir og meir over som juletre fordi ein fekk omfattande granplanting i heile landet. Hovudsakleg skulle dei utplanta trea stå i 60-90 år. Men etter 8-10 år måtte bøndene tynna i plantefelta. Ved å gjera dette arbeidet i desember kunne dei selja juletre som eit biprodukt frå skogreisingsarbeidet.
Nye driftsmåtar og nye treslag
Frå 1980-talet endra juletreproduksonen seg radikalt. Ein fekk juletreplantasjar der alle utplanta tre skulle bli juletre. Ein leitte seg fram til treslag og trerøkt som så langt råd var oppfylte kundane sine ønskje til eit juletre, og som gav minimalt med svinn og «vrak». Nordmannsedelgrana var svaret på det meste. Treet let seg lett forma, tett, symmetrisk og slank. Fargen er frisk, djup grønn. Nålene stikk ikkje. Og framfor alt heng nålene fast på treet til jula er over. Fjelledelgrana kom og inn og er eit like kundevennleg alternativ. Ho har tettare greiner, kortare nåler, er meir blågrønn på farge og har ein sterkare klassisk nåletreslukt. Seksti prosent av kundane i dag ønskjer edelgran som juletre.
Vil du vita meir om juletreet, juletretradisjonar, symbolikk i juletrepynt, religiøs strid knytta til juletre osv., er Oddgeir Bruaset: «Du grøne glitrande. Ein hyllest til juletreet» boka du skal kjøpa deg, eller låna på biblioteket.
Tekst skrive av Lars Fossåskaret